Bli medlem

Bli medlem

Vi ynskjer deg velkommen som medlem i Rutebilhistorisk Forening og Rutebilhistorisk Forening avdeling Sogn og Fjordane. Medlemskap i lokalavdelinga blir teikna gjennom medlemskap i hovudforeininga, der du som bur i Sogn og Fjordane automatisk òg vil bli medlem hos oss. Dette blir gjort ved å fylla ut skjemaet som du finn under hovudforeiningas internettsider www.rhf.no eller ved å trykkja HER. Skjemaet kan nyttast av alle, ikkje berre dei som bur i Sogn og Fjordane, men også andre som vil bli medlem av lokalavdelinga i fylket sitt (dersom lokalavdeling finst der). Du kan òg uavhengig geografisk bustad velja å knyta til deg avdelinga vår i Sogn og Fjordane om ønskjeleg (viss du t.d. har budd i Sogn og Fjordane og har eit spesielt forhold til busstrafikken her).

Mange av medlemmene har sjølv jobba med buss på ein eller annan måte. Dei har jobba som bussjåførar, mekanikarar eller i administrative stillingar i eit busselskap. Mange er eller har òg vore i familie eller slekt med nokon som har jobba med buss. Og du har dei som berre er fasinert av bussar, både gamle og nye.

Til dugnadene våre passar alle inn. Anten du har bakgrunn i mekanikk, karosseriarbeid, trearbeid, elektro eller anna så har me bruk for deg. Me har òg bruk for alle med godt humør og som liker å dela ei god historie. Av og til gjer me mykje, av og til gjer me lite. Samlingane våre er ein fristad frå stress og mas som elles kan prega kvardagen.


Sjå deg gjerne rundt på nettsidene våre! Me håpar å kunna tilby aktivitetar som du kan tenkja deg å vera med på eller om du kanskje berre ønskjer å bli støttemedlem?


Dei fleste medlemmene i foreininga er menn og godt vaksne, men alle kjønn og aldrar er sjølvsagt hjarteleg velkommen!