ISVB

ISVB-INDRE SOGN VETERANBUSSLAG

For leige av buss sjå nedst på denne sida.


Indre Sogn Veteranbusslag-ISVB vart skipa 17.03.16 som ei

interessegruppe under Rutebilhistorisk Forening avd. Sogn og Fjordane.

Føremålet med laget er å ta vare på rutebilhistoria i Indre Sogn og då fyrst og

fremst historia til Sogn Billag L/L (1936-2002) og Gol-Lærdal-Maristubilene Ltd.

(1927-1982) og veteranvogner som har høyrt til desse selskapa.


Grunnen til at ISVB vart skipa var at Nettbuss som eigar av to veteranbussar her

i Indre Sogn, ville kvitta seg med desse, og RHF avd. Sogn og Fjordane fekk

tilbod om å kjøpa dei for ein symbolsk pris. Med fullmakt frå styret i avdelinga

vart det danna eit interimsstyre, samansett av RHF-medlemar i Indre Sogn, til å

ta seg av saka og kalla saman til eit medlemsmøte for å skipa eit veteranbusslag

i Indre Sogn som skulle ta vare dei to veteranbussane.


24 RHF-medlemar møtte fram på skipingsmøtet som vart halde i Sogndal

17.03.16. Her vart det vedteke å skipa Indre Sogn Veteranbusslag, vedtekter for

laget og kjøp av dei to veteranbussane frå Nettbuss.

Veteranbussane som RHF avd. Sogn og Fjordane vart eigar av frå 01.04.16 og

som ISVB skal ha ansvar for og ta vare på er desse:

- S-3136, Volvo 1958-modell frå Gol-Lærdal-Maristubilene Ltd.,

stasjonert i Lærdal.

- S-3020, Scania Vabis 1964-modell frå Sogn Billag L/L, stasjonert i

Sogndal.

I 2020 kjøpte og overtok avdelinga/ISVB to veteranvogner til:

- S-22, Cadillac 1917-modell frå Gol-Lærdal-Maristubilene Ltd.,

stasjonert i Lærdal. Kjøpt frå Stiftelsen Lærdal Automobilselskap.

- TV 38387, Volvo 1979-modell frå Sogn Billag L/L, stasjonert i Sogndal.

Denne såkalla «Arnafjordbussen» vart kjøpt frå Arne Heggernes i Bergen.


RHF er no eigar av fire veteranvogner som ISVB skal ha ansvar for og ta vare på.

Cadillac-en står heile året parkert i garasje i Lærdal som Lærdal kommune stiller

til disposisjon, og det var eit vilkår for overtakinga at den skal stasjonerast der.

Dei andre vognene står inntil vidare vinterlagra i Sogn Billag sin tidlegare garasje

på Hafslo som Luster kommune no eig. Elles står GLM-bussen,S-3136, parkert i

Lærdal, og dei to SB-bussane, S-3020 og TV 38387, står delvis på Hafslo og i

Sogndal.

Det er meininga at veteranvognene som ISVB disponerer skal brukast til medlems-

turar og til turkøyring på bestilling. Elles skal me stilla på ulike arrangement i

området der det måtte passa og prøva å møta på dei årlege veteranbusstreffa.

Det er viktig at vognene vert brukte og vist fram.


Vedtektene inneheld elles fleire viktige punkt når det gjeld drifta av ISVB:

Som eigar av veteranvognene har RHF avd. SF det økonomiske ansvaret

for vedlikehaldet.

Kasseraren i RHF avd. SF skal også vera kasserar for ISVB og føra eige

rekneskap for laget.

Årsmøtet er laget sitt øverste organ og skal velja eit styre på 5 medlemar

og 2 varamedlemar. Ein av styremedlemane skal vera leiar.

RHF-medlemar i Indre Sogn kan vera med i ISVB.


Sidan starten har medlemstalet i laget vore nokså stabilt, om lag 50 stk.

 


Tekst: Vidar Lægreid

Veteranbussane S-3020, stasjonert i Sogndal,  og S-3136,  stasjonert i Lærdal,  kan begge

nyttast til turar i Indre Sogn. Indre Sogn Veteranbusslag har ansvaret for bussane og kan

ta på seg turoppdrag i samband med ulike arrangement.   

Kontaktperson for S-3020 er Olav Grinde, tlf. 90590703 og e-post olegrind11@gmail.com.

Kontaktperson for S-3136 er Hans Eri, tlf. 90680380 og e-post hanseri@msn.com.

RutebilhistorskForening avd. Sogn og Fjordane er registrert som mottakar i Grasrotandelen.

Vi er svært glade for all støtte vi får. Trykk HER dersom du ynskjer å støtte oss ved å tildele oss grasrotmidlane dine.